God ost. Glade bønder. Nøgde kyr.
Steikeost frå Øystese, ysta av mjølk frå 13 gardar i Hardanger.
Ost frå Hardanger.
Steikeost av kortreist kumjølk og salt, ysta i det gamle meieriet i Øystese.
Steikeost i tre variantar
Osten er inspirert av den kypriotiske osten halloumi, og er meint for å delast i skiver og steikjast eller grillast. Han smeltar ikkje, men får ein mjuk konsistens.
- Berre kortreist kumjølk og salt
- Steik eller grill, han smeltar ikkje
- Rik på protein, godt i staden for kjøt
-
Naturell
Den opphavlege. Kumjølk og salt, ingenting anna.
-
Røykt
Same steikeost, røykt. Godt på grillen.
-
Chili
Favoritten til Peder på Nernes gard.
Ysteriet i det gamle meieriet
Bønder frå 13 gardar etablerte Hardanger Bygdeysteri i 2019, då Tine avvikla produksjonen i meieriet i sentrum av Øystese.
Meieribygget vart til Mathuset i Hardanger. Mjølka har kort reiseveg frå gardane ikring, og vert gjort om til steikeost i eit moderne ysteri.
Mathuset rommar også Hardanger Bryggeri og ein lokal gardsmatbutikk.
Bøndene
Hardangerbonden arbeider hardt, er sjølvhjelpen, raus, tidvis taus, rund i kantane, glad i yrket sitt og stolt over slektsgarden. Og så har han glimt i auga.
-
Fjærabygda Gardsdrift
Steinsdalen · 50 mjølkekyr
«Det er kjekt å driva gard, og miljøet er godt med mange unge bønder som verkeleg har lyst til å få til noko», seier Kristian Aarhus (29).
-
Elvatun gard
Folkedal i Granvin · 39 mjølkekyr
Når hausten kjem, skal sauer og kyr hentast ned frå fjellet og tredjeslåtten i hus. «Eg er glad i å arbeida», seier Åsmund Elvatun.
-
Børve samdrift
Øystese · 14 mjølkekyr
Samdriftsbøndene TK og Geir Børve slår graset på 141 dekar. Der fôrhaustaren ikkje kjem til, svingar Sidsel riva.
-
Kjosås gard
Bonde Cato
Å dyrka eiga jord er meir arbeid enn forteneste om ein berre tenkjer her og no. Arbeidet lønar seg på lang sikt. Steinriva, der altså.
-
Nernes gard
Mundheim
Bonde, sagbrukar og styreleiar Peder et gjerne chili-osten mellom hamburgarbrød og salat, med ein dæsj balsamico.
Slik brukar du steikeosten
Har du fyrst smakt han, kan du bli hekta. Her er nokre av rettane frå oppskriftssamlinga vår.
Burgar med ananas
Steikeostblings
Pizza med ruccola
Salat med appelsin
Frukost
Smørbrød
Spinatsalat
Burgar med spirer
Skummesalen
Før var Skummesalen hjarta i meieriet. Her vart mjølka pumpa inn, skumma og fordelt vidare.
No kan salen leigast til møte og kurs, bursdag og konfirmasjon. Me fortel gjerne historia vår medan de smakar dykk gjennom ostar frå ysteriet og øl frå Hardanger Bryggeri.
- Plass til 70
- Skjenkeløyve
- Smaks- og lunsjmeny
«Eit framifrå samlingslokale, der du hentar energi og inspirasjon frå norsk bygdehistorie og omgjevnader med særpreg.»
Kva kostar ostesmaking for gruppa?
Tre spørsmål, så får de prisen med ein gong.
Pris for gruppa
Her får du kjøpt steikeosten
I butikk frå Odda til Oslo, på Bondens marked i Bergen og levert på døra i Bergensområdet.
- Kvamskogen Landhandleri
- Fjærabygda Gardsmat
- Spar, Norheimsund
- Coop Prix, Norheimsund
- Gardsmatbutikken, Øystese
- Coop Extra, Øystese
- Coop Prix, Strandebarm
- Coop Marked, Tørvikbygd
- Coop Marked, Ålvik
- Kjerland Gårdsbutikk, Granvin
- Spar Kinsarvik
- Bunnpris Ullensvang, Lofthus
- Spar Nå
- Nærbutikken på Grimo
- Meny Voss
- Matauk, Voss
- Smalahovetunet
- Coop Prix Jondal
- Fjell og fjord kafe, Eidfjord
- Ferskvaren, Odda
- Colonialen Fetevare, sentrum
- Lerøy Mat (Meny), sentrum
- Meny Bergen Storsenter
- Meny Oasen
- Meny Sletten
- Meny Vestkanten
- Meny Dolviken
- Meny Sartor senter
- Meny Åsane
- Coop Obs Lagunen
- Bakst og Brygghuset, Åsane
- Toppebua, Toppe Gartneri
- Meny Kleppestø
- Meny Os
- Meny Knarvik
- Meny Nesttun
- Meny Midttun
- Meny Fornebu
- Meny CC Vest
- Meny Ringnes Park
- Meny Romeriksporten, Kløfta
- Meny Stovner
- Erketunet Gardsbakeri, Førde
- Bakar Jon, Byrkjelo
- Hadeland Glassverk, Jevnaker
- Vinjesvingen Handel, Vinje
- Meny Sogndal
- Amundsen Spesial, Fredrikstad
- Landhandel Snarkjøp, Maurset
- Hole Gardsutsalg, Jæren
- Seglem Gårdsutsalg, Egersund
- Eurospar, Florø
- Joker Åkrafjordtunet
- Meny Greverud, Oppegård
- Meny Ski Storsenter
- Skåre Gård, Evje
- Jotunheimen Angus Gårdsbutikk, Vinstra
Bondens marked Bergen
På Fisketorget, om lag to gonger i månaden.
Rekoring
Utlevering i Fana, Fyllingsdalen, sentrum, Åsane, Os og Samnanger. Bestill på Facebook-sida til kvar ring.
Tastebuds
Lokalmat levert på døra i Bergensområdet.
Restaurant og storhushald
Spesialgrossisten Troye leverer i Bergen og omegn. Med kundeforhold hjå TINE kan de få levert annakvar veke.
Troye, 926 55 926
Kontakt
Har du noko på hjarta, eller vil du vita meir om steikeosten? Dagleg leiar Marit Buttingsrud svarar.
- 901 52 038
- post@hardangerbygdeysteri.no
- Mathuset, Sjusetevegen 14, 5610 Øystese